Vurderingskriterium


Arbeidet blir vurdert som ut frå følgjande kriterium:


Under middels
Middels
Over middels
Blogginnlegg
Klarer stort sett å gje igjen kva diktet handlar om med eigne ord. Har med nokre relevante opplysningar om tidsepoke og forfattar. Kan peike på nokre verkemiddel, men skriv lite eller ingen ting om kva effekt bruken av verkemidla har. Klarer i liten grad å seie noko om bodskap og eiga leseoppleving.
Kan gje igjen kva diktet handlar om med eigne ord, og skrive kva han/ho meiner temaet i diktet er. Kan peike på ein god del verkemiddel og skrive litt om kva effekt bruken av verkemidla har. Klarer å seie noko om bodskap og eiga leseoppleving.
Formulerer svært godt kva diktet handlar om. Grunngjev med utgangspunkt i diktet kva han/ho meiner temaet er. Peikar på mange språklege verkemiddel og gjer greie for kva effekt bruken av desse har. Formulerer på ein god måte kva bodskap han/ho meiner diktet har, fortel om leseopplevinga og grunngjev kvifor han/ho opplevde det slik. 
Kommentar
Følgjer til dels dei reglane vi i fellesskap blei einige om. Liten grad av grunngjeving i den faglege kommentaren. Kommentaren gjev i liten grad grunnlag for forbetring av det faglege innhaldet i blogginnlegget.
Følgjer stort sett dei reglane vi i fellesskap blei einige om. Grunngjev til dels den faglege kommentaren. Kommentaren gjev noko grunnlag for forbetring av det faglege innhaldet i blogginnlegget.
Følgjer dei reglane vi i fellesskap blei einige om. Den faglege kommentaren er godt grunngjeven og gjev gode innspel til forbetring av det faglege innhaldet i blogginnlegget.
Eigen blogg:
Layouten passar i liten grad til diktet. Tittelen på blogginnlegget er lite eigna til å skape interesse og/eller passar ikkje til innlegget.
Layout passar greitt til diktet. Tittelen på blogginnlegget passar til innhaldet, men er ikkje så eigna til å skape interesse.
Layout passar svært godt til diktet. Tittelen på blogginnlegget skaper interesse og passar til innhaldet i innlegget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar