I dei neste fire vekene skal du bruke norsktimane til å opprette din eigen blogg og skrive eit blogginnlegg som handlar om eit dikt.
Blogginnlegget ditt skal handle om desse punkta:
- tidsepoken diktet høyrer til i
- forfattaren av diktet
- kva diktet handlar om
- kva du meiner temaet i diktet er
- kva språklege verkemiddel som er brukt i diktet
- kva effekt du synest bruken av verkemidla har
- kva bodskap du synest diktet formidlar
Du bør starte med å sjå denne videoen som handlar om kva lyrikk er:
På NDLA sine sider finn du informasjon om ulike språklege verkemiddel, og desse må du gjere deg kjend med.
Når du skal skrive om forfattaren av diktet er det viktig at du brukar pålitelege kjelder, som til dømes Store norske leksikon.
Her kan du finne litt informasjon om ulike epokar:
Lyrikkhistorisk tidslinje
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar