tirsdag 27. november 2012

Arbeidsoppgåve tysdag 27.11

I dag skal du skrive eit nytt innlegg på bloggen din som skal handle om eit dikt. Det er viktig at du formar teksten din som ein samanhengande tekst med innleiing og avslutning. Bruk gjerne "Analyseskjema for lyrikk" på s. 336 som  hjelp når du skriv. 

Du får vurdering på teksten ut frå vurderingskriteria som du finn øverst på denne bloggen. 

Dikta de skal skrive om finn de i læreboka:


  • "Bøn" av Ann Kavli s. 156
  • "Hentet" av Johann Grip s. 159-160
  • "Sjømannsvise" av Harald Sverdrup s. 160-161
  • "Det er langt mellom venner" av Kolbein Falkeid s. 167
  • "Alltid samme spørsmål..." av Nils Aslak Valkeapää
  • "Utenlandsk" av Annie Riis s. 210
  • "(heimkomen son I)" s. 222-223 av Øystein S.Zeiner
  • "Eg elskar bøker" av Bubbi (Asbjörn Morthens) s. 225
  • "Kyss" av Arild Nyquist s. 251
  • "Norsk kjærleikssong" av Tor Jonsson s. 252
  • Lånt fra ad.libris.com
  • "Stemmeseddel" av Harald Sverdrup s. 313-314

Innlegget skal publiserast seinast tysdag 4.desember.




tirsdag 13. november 2012

Diktblogg

I dei neste fire vekene skal du bruke norsktimane til å opprette din eigen blogg og skrive eit blogginnlegg som handlar om eit dikt.   

Blogginnlegget ditt skal handle om desse punkta:


  • tidsepoken diktet høyrer til i
  • forfattaren av diktet
  • kva diktet handlar om
  • kva du meiner temaet i diktet er
  • kva språklege verkemiddel som er brukt i diktet
  • kva effekt du synest bruken av verkemidla har
  • kva bodskap du synest diktet formidlar

Du bør starte med å sjå denne videoen som handlar om kva lyrikk er:






På NDLA sine sider finn du informasjon om ulike språklege verkemiddel, og desse må du gjere deg kjend med. 



Når du skal skrive om forfattaren av diktet er det viktig at du brukar pålitelege kjelder, som til dømes Store norske leksikon.



Her kan du finne litt informasjon om ulike epokar:
Lyrikkhistorisk tidslinje